torsdag 21. november 2013

Rett skal vere rett.....eller..?

Har siste tida sendt mykje brev fram og tilbake til NAV, og det er snart ingenting som forbause meg.
Forrige klage fekk eg i retur, fordi eg hadde gløymt signere den...greit nok.... Men no kom det i retur igjenn, med beskjed om at dei trong meir dokumentasjon. Det dreier seg her om lønnslipper. Eg hadde sendt dei for september,og dei ville ha for oktober og november og. Oktober er greit,men november??? det er 21 november i dag,lønnslippen får eg 10 desember, 6 dager etter svarfristen...

Og eg forstår dei vil ha fleire, for å kunne sammenlikne, sånn at eg ikkje sender ein for ein mnd eg tjente dårleg, så regelen er 3 siste mnd.
MEN på mine lønnslipper finnes ei kolonne, som hette "hittil i år"......så det blir umulig for meg å jukse!! Men det ser ikkje ut te at dei klare flytte blikket bort ei kolonne...
No har eg sendt dei for oktober, fint ringa inn "hittil i år" og beløpet, og beskjed om at november kan ettersendes om ønskeleg....
Antar at det kjem i retur og, med beskjed om at den ikkje blir tatt til følge, før eg har sendt ein uten frekkheter....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar