fredag 4. mars 2016

Om det å hata noke..

Meg og tenåringen i hus, har eit felles oppdrag på gang, me skal prøve å "hata" litt mindre.
Tenk litt på det..."hata" er eit sterkt ord.... Eg er riktignok ganske sikker på at Hitler hata jødene, og jødene hata Hitler, så der blir ordbruken korrekt..

Men du hate ikkje naturfag eller matte, og du hate ikkje Kardashians eller Hotell Cæsar, og du hate ikkje den teite reklamen, eller Telenor, eller breiband leverandøren din. Så no for tida "mislike me sterkt" i stadenfor.
Dette fører til at me tenker litt meir over ting, og er litt mindre negative i uttalelsane våre. For naturfag og matte er ting ein må jobbe seg gjennom, ein treng det faktisk, for å komme seg vidare i livet.Men når ein har rullegardina nede, og haaaate faget, er det umulig å lære noke. Men ein kan mislike det, kanskje sterkt til og med, men innsjå at det er viktig. Verken Kardashians eller Hotell Cæsar er viktig, men ein kan droppe å sjå på det, eller lese artikler om det,så er det ingenting å mislike
Men, og dette er eit stort MEN: Det finnes ikkje ein regel utan unntak!!
Eg Hatar NAV!!!!!
 At det er mogleg å ha eit statleg organ, med så lite krav til kompetanse og effektivitet, er for meg heilt ubegripeleg. Eit godt døme er nå artikkelen det er linka til, berre det å bruke pengar på å lage ein rapport om noke som alle landets taxi-sjåførar har fortald alle kundane sine i åresvis, er hinsides!

Men her er eit døme: når ein blir arbeidsledig, er det som bidragsbetalar litt vesentleg å søke nedsatt bidrag, og dette så tidleg som mogleg, for me veit jo at på NAV, vel, der tar ting tid. Og som forventa, "så snart som rad, men innan 3mnd"... No var eg så heldig, at eg fekk meg jobb etter berre ein mnnd, og gløymde nå i grunn heile greia, men etter 6(!)mnd, fant eg ut eg skulle høyre kor det blei av avgjerdsla. Svaret eg fekk, var at "beklager, du var lova svar for 3mnd sidan, me skal videresenda hendvendelsen din". Etter noken veker fekk eg avslag på søknad, der dei ikkje kunne sjå at det var noke reduksjon i inntekta mi, og eit krav på eit rettsgebyr på 1025kr. Då viser det seg at dei har sitt på inntekta månaden ETTER eg var arbeidsledig, og fram til nyttår. Så dei bruker altså 3 mnd lenger enn lova, ser ikkje på den månaden eg eigentleg søker for, og skal ha betalt for det?? Det blir vel omtrent som om eg var innom Elkjøp og såg på vaskemasiner, utan å kjøpe noke, og så fakturere dei meg for ein datamaskin??
Det er for meg ganske så forståeleg at enkelte NAV kontor må ha skuddsikre glas og fastbolta møblar, for det skal ikkje så veldig mykje mindre impulskontroll til, når ein blir møtt med slik arroganse og inkompetanse....

Eg brukte litt tid på å skrive det klagebrevet...kan ikkje bruke ord som "hate" der, og sikkert ikkje "mislike sterkt" heller. Det var fleire gangar eg var veldig fornøyd med meg sjølv, og den syrlege ironien eg syntest eg klarte å få fram, men eg klarte nå heldigvis å beherske meg til slutt, og kunn bruke faktaopplysninger. Eg har ingen tru på at eg vinne fram, og eg reknar dei 1025kr som tapte allereie, for det skal dei ha, folka på NAV Innkrevning, dei er blant dei mest effektive i heile verda...

Jojau, då var det ute av systemet...oppdatering kjem, når endeleg vedtak er gjort. No er det på tide å bytte ut den kalde kaffien, for kald kaffi..? Jo, det mislikar eg sterkt! Ha ein fin dag!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar