


I helga gjorde eg noke eg har tenkt på ei stund,men ikkje gjort....unnskuldningane har vore mange,og med varierende sannhetsgehalt..men i år blei det med meir enn prat,og 14 august,kl 0716 va eg altså på veg,målet va 8,2km og 1848 høgdemeter unna..
Sjølve turen va tung,og eg måtte gå i roleg tempo,og jobba mykje med meg sjølv på veien opp,då eg aldri har gjort noke så tungt før. Tabber va det nok av,både før,under og etterpå :D Gløymde sitte underlaget i hytta,i lag med Turmixen eg hadde hatt med meg heilt heimante :S Undervegs gjekk eg med genser knytt rundt livet,den skulle eg ha på meg på toppen...men der fann eg ut at den va gjennomvåt av svette(??),og ikkje brukandes,trudde ikkje det va mulig å svette så mykje :D
Hadde og med meg for lite mat og vann,så turen ned blei tung,med hodeverk og sliten kropp...og kem trur de at ikkje tøya nok ut etterpå..?? (jada,det verker no j.. nett no)
Men naturen va storslagen,til tross for at me ikkje såg stort på toppen,har aldri rusla rundt så høgt oppe eg,va berre stein,ingenting anna. Og sidan eg va "tidleg",kunne eg bytte til tørre kle,og ete og drikke kaffa(ja,eg drog sjølvsagt med meg full termos :D),før konkurranse-klassen kom i mål. Va ein ny opplevelse å stå der,2m unna,og ta bilde av vinnerene,i lag med Kristen Skjeldal og Oddbjørn Hjelmeset.
På veg ned igjenn blei det mest kø-gåing,og fantastisk verk i knea,men kom då ned med livet i behald,og veldi stolt over å ha kommen seg opp til Skåla-tårnet,1848moh!!
Men så til grunnen til at eg gjorde dette:
Har som før nevnt,ønska gjere dette ei stund,og i år bestemte eg meg for at det va på tide å ta seg saman,og faktisk få det gjort. Men det er eit lite problem....ein kan ikkje gjere dette,uten litt forarbeid...så måtte faktisk melde meg på,ringe og bestille overnatting,køyre 350km,og finne både campingplass,og startområdet,få fyllt ut papira,og ikkje minst,finne løypa..alt dette er jo greit nok det,berre det at eg va aleine,med 1730 andre,ukjendte rundt meg,og ingen te å ordne opp..for dei aller fleste,er dette barnemat,men ikkje for meg...
Eg hate nemleg uvante situasjoner,og det å måtte snakke med fremmede folk..sånt ovelate eg helst te andre,for eks kånemor...berre noke så enkelt som å kjøpe ein burger andre plasser enn her på øya,er vanskeleg...
Så,det å gjennomføre noke såpass tungt fysisk,heilt aleine,er for meg noke stort,og ein erfaring eg har utruleg godt av,og faktisk er stolt av!! Så kan alle som kviskre om 40-års krise,tru nett det dei vil! ;) ;)
jepp! skrive kan du, i gode og detaljerte vendinger! lettlest og morsomt å lese! Steikje bra innsat tå deg Arild!! ;)
SvarSlettFikk lese om ei side ved dæ som æ ikje visste om, desto enda mere stolt enn det æ i utg.pkt va!
Herved e du mitt store forbilde ka gjeld å utfordre sæ sjøl og sette sæ mål!!
God klem c",)
sjokkidorisei.....er man blitt eit forbilde??..uvant situasjon...me like,trur eg..? ;)
SvarSlettbare lik i veg du!! hehe
SvarSlett