Ser at eg har 350 "venner" på face,og fleire kjem stadig til...men det er ikkje ille,ser det er dei som har 1000+.......noken er jo rett og slett notoriske,og legg til alt,venners venner,og vennene dera igjenn..og andre,sånn som meg,har mange pga applikasjoner...trur eg har 170 av dei til dags dato....kjem tilbake til dei...
Av dei resterende,er det ikkje mangen som er venner,av ordets rette forstand...en del er skulekompiser,folk fra jobb,familie,kåno sin familie,eller venner og skulekompiser av kåno,eller kollegaer av kåno...og folk ein egentleg ikkje ville ha snakka med,om ein traff dei på butikken...
Men gjennom face så sit ein og kommentere på statuser,og følge med på ka andre gjer,og får litt respons sånn innimellom...noke som gjer at terskelen for å helse når ein treffes,er blitt mindre,og det må vel ver bra? Ein sit å veit litt om livet til mange,som ein ikkje hadde hatt peil på,utan face,og det syns eg er ein god ting..
Så var det dei 170.....dei aller,aller fleste snakker eg aldri med,og kjem heller aldri te å gjer det....men noken få utmerker seg,og blir faktisk gode "venner",gjerne vel så gode som gamle skulekompiser ol...men dei aller fleste av desse er folk eg sletter umiddelbart,den dagen eg ikkje driv med applikasjonen lenger....
Så er det ei gruppe til,som kjem litt utenom alle dei før nevnte,og der kjem tittelen på bloggen inn...folk ein tilfeldigvis møte på nett,og som blir veldi gode cyber-venner....venner en kan prate med på nett i timesvis,om alt mellom himmel å jord...har ein handfull av dei,og set utruleg stor pris på dei!!!
Men så til sakens kjerne,tidsbruk...ALT for mykje tid blir brukt i starten,det tar nesten over livet ditt ein periode,men min erfaring er at det roer seg,og ein lere å prioritere,og applikasjoner går man lei :) for egen del,blei det ein vekker,når eg oppdaga eg brukte dattera mi sin knekte fot som unnskuldning for å sitte på pc..
Alt i alt er eg glad for å ha ein face-profil,og glad for å ha tilfeldige venner!! :)
Arild
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar